Aktuelt

June Hansen (31) er tilsett som restaurantsjef

17.08.2021

- Eg er både stolt og audmjuk over å få bli ein del av denne fantastisk flotte og spennande restauranten på fjellet.

- Eit prosjekt med mange dyktige og solide folk, med både fagkunnskap og gjennomføringskraft, seier Slottet Sirdal sin nye restaurantsjef.

- Slottet Sirdal er eit godt lag med flinke folk og eit brennande engasjement. Eg gler meg til å bli godt kjent med folka som både bur her i Sirdal, og dei som brukar plassen som sin feriestad.

img 0862

June Hansen er opprinnelig frå Inndyr som ligg i kommunen Gildeskål, som grenser til Bodø. Inndyr er ein stad med omlag halvparten så mange innbyggarar som i Sirdal, så ho er godt vant til små lokalsamfunn. Dei siste ti åra har ho jobba til sjøs, ombord i Hurtigruten som restaurantsjef og hotellbesetning. Sør og Vest-Norge er ikkje heilt nytt for June, då ho tok utdanning i restaurantleiing ved Universitet i Stavanger.
 

Fjellet freistar June


- Fjellet, folkene, tur og opplevingar appellerer veldig til meg, seier June.  Eg trivs best ute og aller helst på fjellet.  Eg gler meg heilt enormt til å få utforske alle dei fine turløypene, fiskevatna og henge rundt i trea med hengekøya min.  I vinter sov eg ute i hengekøya ofte. Den kaldaste natta var det -20 grader ute. Det var heilt nydeleg!  Eg tenkjer det blir nokon netter i Sirdal også framover, smilar June entusiastisk. For meg skapar kombinasjonen av jobb og friluftsliv den perfekte balansen i kvardagen. Og om nokon har turtips å komme med, både til fots og på ski blir eg skikkeleg glad!

img 0838

Eigar og utbyggjar Torfinn Arne Nesset ynskjer den nye restaurantsjefen hjarteleg velkommen på Slottet Sirdal.

- June har akkurat dei kvalitetane og eigenskapane me treng. Me ynskja oss ein omgjengeleg, utåtvend og fjellglad person som er god på å sjå kundane sine behov og syne våre verdiar på ein god måte. Det har me fått gjennom tilsettinga av June.

- Gjennom generasjonar har me bygd opp ei lang og innhaldsrik historie her i Sirdal og det er den me byggjer vidare på. Me ska by gjestene på det beste me har, og me vil bidra til å skape eit levande Sirdal som eit livskraftig lokalsamfunn. Det er eg stolt over, seier Torfinn Arne Nesset.

AKTUELT

Kjære gjester!

Me held ope som vanleg, og ynskjer hjarteleg velkommen til ei trygg og god måltidsoppleving hjå oss på Slottet.
f_logo_rgb-blue_1024

9.oktober opnar Slottet dørene, og bookingen er opna!

Dagen er endeleg komen. Me er klare for å by på det finaste frå fjellheimen.
f_logo_rgb-blue_1024

Me søkjer engasjerte servitørar - både heiltid og helger!

No set me saman det beste laget, og Slottet har behov for servitørar som vil bidra til å overgå forventningane til gjestane.
f_logo_rgb-blue_1024