Aktuelt

Takk for det gamla året – vårt fyrste heile driftsår

31.12.2022

Restauranten er fullbooka, og det kjem omlag 300 besøkande på årets siste dag. Avslutninga på året kunne ikkje enda på ein betre måte enn med fullt hus på Slottet. 2022 har vore det fyrste heile driftsåret, og gjester frå fjern og nær har kome for å bli tilbydt det finaste frå fjellheimen.

-Me vil takka for besøket og opplevingane i året som har vore, sier dagleg leiar Anders Berg Marcussen. - Opning i slutten av 2021, og drifta gjennom heile 2022 kunne ikkje blitt betre, oppsummert er det langt meir enn kva me kunne håpa på og førestilt oss. Ein stor takk til besøkande, matleverandørar, samarbeidspartnerar og ikkje minst dei tilsette, sier han.
 
Gjennom året har kokkane fått prøvd og erfart med eit hovudfokus – å kunne by på det finaste frå fjellheimen.
 
Kva er erfaringane frå året som har gått?
  • Me har hele tida vore opptatt av å by på det finaste frå fjellheimen. Og i det har me prøvd å by på ulike rettar og menykonsept med fokus på lokal mat. Me har også hatt en særskilt tanke for at borna skal ete godt og sunt hjå oss. I august hadde me med oss ei gruppe born som var med å forme korleis barnemenyen skulle vera. Det var eit givande og nyttig prosjekt som det kom mykje godt ut av, fortel Anders.
 Anders Berg Marcussen og Frode Helberg starta på Slottet i april 2022. På kort tid fekk dei til mykje som har komme restauranten til gode.
  • Me såg med ein gong eit enormt potensiale for restauranten, spesielt når me etter kvart blei kjent med alle de unike lokale matprodusentane me har like rundt dørene her i Sirdal, seier restaurantsjef Frode Helberg. – Me såg tidleg at gjestar frå fjern og nær kom på besøk. Ikkje berre for ei enkeltoppleving, men me opplevde også at folk kom tilbake. Trass gleda over fleire besøkande enn venta, blei det eit skår i gleda då me stundom måtte sende folk heim att på grunn av mangel på sitteplassar. Difor la me etterkvart til rette for fleire plasser i peisestova, noko som har vist seg å løyse litt av plassutfordringane, fortel Frode.
Det mest overraskande for året som var, var sommarsesongen. Då kom langt fleire gjester enn dei hadde forventa. Både bemanning og råvarer var planlagt med mindre belegg.
  • Me måtte omstille oss kjapt, men me klarte det smiler Anders.
 Kva anna er nytt?
  • Vinkartet er forbedra med viner som passer rettane våre betre, samt eit noko breiare utval for dei vininteresserte, fortel Frode
-Me har også vald å fokusera endå sterkare på lokale mat- og handverkstradisjonar. Me kjøper inn heile dyr, og gjer alt me kan for å bruke heile dyret. Det er litt arbeid og kanskje ikkje det mest lønnsame, men for oss er det også eit verdival og noko som er viktig for både oss og ikkje minst eigarane av restauranten, Torfinn og Bente. Sist er det positivt i bærekraftsamanheng, og syner respekt for både dyret og dei som produserer råvarene å nytte mest mogeleg av det som me tek inn. Dette er noko som me kjem til å forsetje med også framover, seier Anders.
 
Målet for 2023 er klart – me skal gjere meir av det me er gode på. Me skal ta med oss erfaringane me har gjort oss i 2022 glede oss over kvar ein gjest!
 
Takk for eit godt år. Samarbeidet, besøket og opplevingane. Me ser håpefullt inn i det nye året og gler oss over å kunne fortsetje å by på det finaste frå fjellheimen!
 

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.