ME BYR PÅ

det finaste frå fjellheimen

Ved å by på sesonginspirerte smaksopplevingar basert på fjellheimens finaste råvarer servert i majestetiske naturomgjevnader skal Slottet bli ein godt kjend heilårsdestinasjon – for både kortreiste og langreiste gjester.

Sirdal, Slottet
15,19 °

Utsiktspunktet på Hoppmannsknuten har alltid blitt kalt Slottet!

Forskjellen er at no får du tak over hodet, og servering til utsikta! 

Slottet skal verte ein stad der både kortreiste og langreiste gjester kan nyte gode matopplevingar med sesongbaserte råvarer servert i majestetiske omgjevnader. Me har satt opp eit spanande bygg, der nærleiken til naturen, historia og bygda er den verkelege berebjelken. Sagt på ein annan måte: Det finaste frå fjellheimen.

"Dette har vore ein gamal draum, heilt sidan eg som ungdom sat her på Slottet, saman med far min og såg utøve."

«Her skulle me ha bygd noko» sa han. No rakk ikkje han det dessverre, men då er det ekstra godt for meg å rekke det," seier Torfinn Arne Nesset, som er grunneigar i området og utbyggjar for prosjektet.

Dei finaste råvarene

HANDPLUKKA MED LIDENSKAP FOR KORTREIST MAT

DL6A9774

Kom svolten – det vil du ikkje angre på

Det er fleire restauranter i Sirdal, men ingen er som denne. Eit menykonsept på eit fantastisk utsiktspunkt, der me satser på kvalitet i alle ledd. 

Sirdal har ei lang og innhaldsrik historie, det er den me bygger vidare på. Me skal byde gjestane på det beste me har. 

 

Aktuelt

Kart Slottet Sirdal

Kart Slottet Sirdal
Slik finn du riktig vei til Slottet Sirdal.

Våre opningstider sommaren 2022

Våre opningstider sommaren 2022
Me gler oss til å sjå deg i sommarferien. Her kjem våre opningstidar:

Nytt kokketeam på Slottet

Nytt kokketeam på Slottet
Frode Helberg og Anders Berg Marcussen er det nye kokketeamet på Slottet Sirdal! No gler dei seg over å by både bygdefolk og hyttefolk heilt spesielle natur- og matopplevingar!