Velkomen!
Slottet opnar hausten 2021
Det finaste frå fjellheimen

M.O.H

665

Temperatur

Avstand fra Stavanger

100km

Velkomen til Slottet! Her, på ein høgde i Sirdal, opnar me restaurant og heilårsdestinasjon i hausten 2021. Slottet skal verte ein stad der både kortreiste og langreiste gjester kan nyte gode matopplevingar med sesongbaserte råvarer servert i majestetiske omgjevnader. Me skal setja opp eit spanande bygg, der nærleiken til naturen,
historia og bygda er den verkelege berebjelken. Sagt på ein annan måte: Det finaste frå fjellheimen.

LEDIGE STILLINGAR
Vil du jobbe på Slottet? Me er på leit etter flinke folk!

Stilling ledig:

Drivande dyktig dagleg leiar

Me søker deg som vil være ansvarleg for drifta av Slottet, med
respekt for kultur, natur og lokal forankring. Du må vere ein tydeleg leiar med evne til å begeistre. Dagleg leiar må ha base i Sirdal.

post@slottetsirdal.no

Slottet Sirdal
Stilling ledig:

Kokkar som brenn for ekte mat

Totalopplevinga på Slottet skal pregast av sesongane, ekte råvarer og grundig handverk. Då treng me kokkar med sterk matfagleg
lidenskap og kreativitet med på laget. Er det deg? Send ein kort søknad til Kontrast v/Svein Erik Reienes.

post@slottetsirdal.no

Stilling ledig:

Engasjerte servitørar

Slottet har behov for servitørar som vil bidra til å overgå
forventningane til gjestene. Hos oss tel alle oppgåver like mykje,
då me vil forvalte både namnet og plasseringa med stoltheit og
respekt. Send ein kort søknad til Kontrast v/Svein Erik Reienes.

post@slottetsirdal.no

Slottet Sirdal

Om Slottet

Meir om Slottet

Som ein heilårsdestinasjon vil Slottet ha tilbod som kler kvar årstid i Sirdal. Her skal du kunne nyte alt frå enkel fjellmat til fleire rettars menyar, drop-inn måltid på gjennomreis, selskap for spesielle anledningar, småkonserter, utandørs servering i sola og lukka treff i eigen vinkjellar.

Plasseringa på høgda Slottet i Hoppmannsknuten har gitt namn til prosjektet og bygget. Utsikta frå det som allereie er ein kjent utsiktsplass i Sirdal, kan ikkje kallast noko anna enn majestetisk. Nokon seier at svolt er det beste krydderet du kan få på maten, men … Me trur at den uslåelege kombinasjonen av natur både på og ved sida av asjetten kan måle seg med akkurat det. Men for all del, kom svolten! Det vil du ikkje angre på.

Slottet Sirdal

Torfinn Arne Nesset er byggherre i samarbeid med Solhytten og Sinneshytta, medan Øster Hus står for oppføring av bygget. I tillegg til restaurant, er det også åtte utleigehytter under planlegging. Desse vil opna seinare.

Me skal bygge vidare på Sirdals lange vertskapshistorie.

Sirdal

Dalen som tek deg godt imot

Kanskje er du godt kjend med Sirdal allereie. Kanskje veit du akkurat korleis dalen endrar seg med årstidene, at kvar av dei har sitt heilt spesielle lys – som ei historie fortald av ei mjuk røst år etter år.

Kva skjer i dag, kanskje topptur til Grubbå? Klatreparken? Fjellgolf? Eit bad i ein roleg kulp? Eller ein heil dag med lydbok og lenestol i sola? Løypene er akkurat så lange som du vil ha dei, toppane er høge og det er alltid fleire fisk i fjellvatna. Lyden svingar frå stille fjellmorgon til livlige kveldar med vener og familie.

Sirdal er for alle, samstundes som dalen ikkje er lik for nokon.
Det er kanskje difor vi ikkje går lei den – men sender den vidare i generasjonar.

Slottet Sirdal
Slottet Sirdal

Booking

Klar for å setje deg til bords?

Fortsatt er det litt tidleg å reservere bord i Edeståvå, Skjenkeståvå eller Bjødnehålå. Men når det nærmar seg opning er det her du kan sikre deg det beste bordet. Send oss gjerne ei melding på post(at)slottetsirdal.no viss du vil ha beskjed når me opnar for bestilling.
Du kan også kjøpe gåvekort litt lengre nede på sida.


Gåvekort

Gåvekort på Slottet

Allereie no er det mogleg å gje eit gåvekort på ei oppleving av det finaste frå fjellheimen.
Kanskje til nokon du kjenner som fortener litt ekstra merksemd, eller nokon du veit gler seg stort til at Slottet står klart til hausten?
Det er like enkelt som det er hyggeleg – og er du heldig vert du invitert med sjølv også.

Det finaste frå fjellheimen

Slotttet opnar hausten 2021

Slottet Sirdal
Slottet Sirdal