Om oss

Slottet – ein stad kor bygd og by møtes. 

Utsiktspunktet på høgda i Hoppmannsknuten har alltid blitt kalt Slottet! No får du god mat og gode opplevingar i tillegg! 

"Sirdal har ei lang historie, den er det me byggjer vidare på. Me tilbyr gjestene det beste me har å by på."

Slottet er ein plass der både kortreiste og langreiste gjester kan nyte gode matopplevingar med sesongbaserte råvarer, servert i eventyrlige omgjevnader. 
– Det er eit spanande bygg, der nærleiken til naturen, historia og bygda er den verkelege bærebjelken. Sagt på ein annan måte: Det finaste frå fjellheimen.

Det er fleire restauranter i dalen, men ingen er som denne. Eit menykonsept på eit fantastisk utsiktspunkt, der me satser på kvalitet i alle ledd.  
 
DL6A0851
Hjå oss kan du nyte alt frå tradisjonell fjellmat, til fleire rettars menyar, drop-in måltid på gjennomreise, selskap for spesielle anledningar, utandørs servering i sola og lukka treff i eigen vinkjellar.