Arrangement

Boklansering "Tante" Torbjørg Haugen

Fredag 6. november 2026 kl. 19:30

Boklansering Torbjørg haugen

Me har gleden av å invitere til ein spesiell kveld på Slottet! Fredag 6. november kl. 19.30 får me besøk av Torbjørg Haugen, betre kjend som «Tante» – som skal presentera den rykande ferske boka si om mat frå Sirdal.

Ein hyllest til den lokale matkulturen

Boka til Torbjørg er meir enn ein vanleg kokebok. Ho tek oss med på ein reise i Sirdal fylt med lokal kultur, dyreliv og tradisjonelle tilberedningsmåtar, vakkert illustrert med fantastiske bilete. Dette vert ein kveld fylt med matglede, historie og gode forteljingar frå bygda.

Under arrangementet vert det også moglegheit til å kjøpe boka og få eit personleg signert eksemplar med heim!

Vil du nyta ein god middag hos oss før bokpresentasjonen startar? Då må du reservera bord på førehand. Merk: Det er berre mogleg å eta før arrangementet startar – etter bokpresentasjonen er kjøkkenet stengt for middagsservering.
 

Me gledar oss til å ynskje deg velkommen til ein triveleg kveld på Slottet!