Arrangement

Boklansering Tore Kvæven

Fredag 25. september 2026 kl. 19:00

Ei vinreise frå Barolos høgder – til Sirdals fjell!

Fredag 25. september får me storfint besøk her på Slottet Sirdal! Vår eigen lokalkjende forfattar, Tore Kvæven, kjem for å feira og presentera den rykande ferske romanen sin, Eit spor til endes.

Det blir ein kveld fylt med god stemning, litteratur og lokalt engasjement!

Kva skjer denne kvelden?

  • Bokbad: Tore blir bokbada av Anja Kristin Haughom og Magnar Undheim, som vil ta oss med inn i historia bak boka og forfattarskapet.

  • Signering: Det blir sjølvsagt moglegheit til å sikre seg eit signert eksemplar av den nye romanen.

Eit spor til endes er ei nær og sterk historie frå slutten av 1800-talet om oppvekst på fjellgarden Helleren i Vatnedalen, om naturen sine krefter, og om å finna sin eigen veg når heimen og livet endrar seg.

Me gleder oss enormt til å fylla rommet med gode samtalar, noko godt i glaset og lokal forteljarkunst.

📍 Slottet Sirdal, Bar
📅 Fredag 25. september kl. 18.00

Ta med deg ein god venn eller nabo og kom innom for ein inspirerande kveld!

Hjarteleg velkomen skal de vera! ❤️