Me gjentar suksessen!
Slottet i Sirdal inviterer til ein triveleg kveld for damene – med smårettar, god stemning og fantastisk musikk i majestetiske naturomgjevnader.
Hyttefolk og lokalbefolkning – ta med gode vener og kjente!
🎤 Kveldens artist: Ole Alexander Mæland – kjent frå Stavangerkameratene, Elle Melle og «The Voice» – kjem tilbake til Slottet!
Han har vore å sjå på alt frå dei store musikalscenene til NRK og TV 2, og har ein stemme og formidlingsevne som treffer publikum midt i hjartet.
Mange kjenner han frå rollar som «Pilt-Ola» i Lysefjordspelet og «Josef» i Det store Julespelet – og ikkje minst som den karismatiske skurken i Mods-musikalen Revansj! – den aller første storsatsinga i det nye konserthuset i Stavanger.
Denne gongen kjem han saman med sin musikalske makker Rolf Kloster, og saman serverer dei ein musikalsk meny av kjende og kjære klassikarar – ispedd nokre originale overraskingar.
Me er stolte av å ha han tilbake på Slottet!
🍴 Mat og pris:
Det blir servert ulike smårettar
Pris: 659,-
Antrekk: uformelt
🚌 Transport: Tonstad Taxi set opp skyss frå Tonstad og retur etter arrangementet.
Bestill direkte med Tonstad Taxi: 906 98 490
Me gler oss til å sjå deg!