Arrangement

Fjellbygda i verda

24. mai

Velkommen til «Fjellbygda i verda»! Stor kulturkveld på Slottet.
Lag, bedrifter og entusiastiske folk i Sirdal inviterer til ein kveld med middag, meining og omtanke. Me ynskjer velkommen til ei spanande oppleving der me byr på historieforteljing frå lokale, verdskjente journalistar og foredragshaldarar. Gjennom arrangementet vil me medverke til eit sterkt og levande kulturliv i Sirdal. 

Tor Sigve Vik hadde ideen som han i lag med entusiastiske sambygdingar nå har realisert. Prosjektet er basert på dugnad og er sponsa av næringsaktørar. Heile overskotet går til «Home of Bahati». 

Home of Bahati er ein humanitær organisasjon som sidan 2011 har gitt barn og unge ein trygg og god heim i familieheimen Bahati House i Tanzania. Målet for organisasjonen er å gje barn og unge ein god start i livet gjennom omsorg og god utdanning slik at dei kan skape gode live for seg sjølv og andre. 

Foredragshaldarar:
Vegard Tjørhom
Vegard har vakse opp på Tjørhom, men hamna langt heimanfrå som korrespondent for NRK i Afrika. Han har alltid vore fascinert av det afrikanske kontinentet og er svært glad for sjansen han har fått til å dela fascinasjonen med heile Noreg. Han har hovudbase i Kenya, men reiser mykje for å leita etter historier som gjev innblikk i folks liv. 24. mai vil han fortelje om oppsider og nedsider ved jobben, og dele nokre av sine tankar om eit kontinent i stor endring.

Tore Kvæven
Tore er forfattar og sauebonde på Kvæven i Sirdal. Han har 200 sauer, dei fleste er av rasen spelsau. Han har skrive fire bøker, tre romanar og ei barnebok. Den femte vil koma dette året. I foredraget kjem han til å snakka om eiga litterære oppvakning, om den siste romanen, og om det å skriva om menneske i fortid og framtid. 

Annette Groth
Annette er journalist og forfattar og har mesteparten av yrkesaktivt liv arbeidd i NRK. På 1990-talet var ho korrespondent i London, i 2007-2010 i USA. Ho har vore redaktør i Dagsnytt radio og Dagsrevyen. Revolusjonen i Romania, første gulfkrig, tsunamien i Thailand og fylgjene av orkanen Katrina i New Orleans høyrer med til hendingar ho har dekka. Ho har gitt ut tre bøker: «Nord-Irland den vanskelige veien», «Det finnes ikke fremmede, bare venner du ikke har møtt» (frå Irland) og «Hva nå? Min reise i Storbritannia i en Brexit-tid».Tittelen på Annette sitt foredrag er «Fra Nelson Mandela til dronning Elizabeth». 

Tid: Fredag 24. mai
Pris: kr 1500,-
 

Program fredag 24. mai:

Kl. 17.00 Opne dører
Kl. 17.45 Til bords
Kl. 18.00 Velkommen. Konferansier Magnar Undheim
Kl. 18.10 Tor Sigve Vik fortel om initiativet til «Fjellbygd i verda»
Kl. 18.15 Foredrag av Tore Kvæven 
Kl. 18.50 Forrett
Kl. 19.15 Anette Groth: «Fra Nelson Mandela til dronning Elizabeth»
Kl. 19.50 Hovudrett
Kl. 20.35 Musikkinnslag
Kl. 20.45 Foredrag av Vegard Tjørhom
Kl. 21.25 Dessert
Kl. 21.50 Nina Ousdal, primus motor i Home of Bahati fortel om prosjektet