Slottet Sirdal inviterer til ein heilt spesiell kveld i samarbeid med Tante Torbjørg – kokk, formidlar og eldsjel for mat, ernæring og kultur.
Tante Torbjørg har mellom anna vore kokk for Erling Braut Haaland og dei norske landslaga i langrenn og skiskyting, og er kjend for sitt sterke engasjement for gode råvarer, tradisjonar og solid handverk. Ho brenn for mat med meining – der historia, kulturen og smaken får spele hovudrolla.
Saman byr vi på det finaste fjellheimen har å gi, presentert som ein 5-rettars meny basert på råvarer frå Sirdal.
Kvelden vil ha innslag av mellom anna rype, reinsdyr og multer – reine smakar, tydeleg opphav og stor respekt for råvara.
Dette blir ein festkveld for deg som set pris på:
– lokal mat
– gode historier
– ekte handverk
– og mat laga med både hovud og hjarte
Til menyen set vi opp ei vinpakke som står i stil med maten og opplevinga.
Pris: 2 995,- per person
(Inkluderer mat og drikke)
Booking: https://slottetsirdal.no/booking