Arrangement

Whiskykveld på Slottet

Fredag 04. april

Velkommen til eit spennande og lærerikt whiskykurs hjå oss.

Whiskykveld på Slottet – Ei smakfull reise til Skottland!

«Edle skotske dråpar – er du her? Bli med, så får du høyra og smaka meir!»

Fredag 04.04 inviterer vi til ein heilt spesiell kveld på Slottet, der vi kombinerer det beste frå vår fjellbistro med nokre av Skottlands mest spanande whiskyvariantar. Dette vert ein kveld for både nybegynnarar og kjennarar, der god mat, gode historier og gode dråpar står i fokus.

Kva kan du venta deg?

🍽 Mat som står i stil til whiskys djupn

På Slottet er vi opptekne av gode råvarer og handverk. Denne kvelden serverer vi ein spesialkomponert 3-retars meny, der kvar rett er nøye sett saman for å matcha kveldens whisky. Vi leikar med smakane – frå det rike og røykte til det friske og syrlege – slik at kvar kombinasjon løftar både maten og drikken.

 

🥃 Guida smaking med lidenskaplege ekspertar

Etter middagen får du ein eksklusiv whisky flight, beståande av tre unike skotske whiskyvariantar. Gjennom kvelden vert vi guida av Eivind Mikkelsen og Rolf Børge Rettedal frå Norsk Whiskyforbund og Jæren Kommunale Whiskyklubb. Med erfaring frå utallige destilleribesøk i Skottland deler dei både kunnskap og gode historier – med ein god dose humor!

 

🏔 Slottets atmosfære – rustikk, ekte og lun

Med inspirasjon frå fjellheimen og naturen rundt oss, ønskjer vi å skapa ein kveld som er uhøgtidleg, lærerik og smakfull. Anten du er ein whiskyentusiast eller berre nysgjerrig på nye smakar, lovar vi ei stemningsfull oppleving i ekte Slottet-ånd.


 
Dato: Fredag 04. april
Kl: 19:00 
Antall billetter: 40 stk
Pris: 1495,- (inkludert kursavgift, mat og 6 typer whiskey)
 
Me gler oss til å sjå deg!
 
Påmelding via epost/telefonnummer: post@slottetsirdal.no // 457 24 614

*Deltaking krev at ein er over 20 år. Me oppmodar alle deltakarar til å nyta whiskey serveringen med måte.