Aktuelt

Menyen er i ferd med å ta form!

03.08.2021

På Slottet byr me på kortreiste råvarer med ei historie, og lar menyen og råvarene være med å fortelje historia. Me vil alltid levera folkeleg og kunnskapsrik service. Me veit kva me serverer og kvifor!

På Slottet byr me på kortreiste råvarer med ei historie, og lar menyen og råvarene være med å fortelje historia. 
Me vil alltid levera folkeleg og kunnskapsrik service. Me veit kva me serverer og kvifor!

Me byr på det finaste frå fjellheimen
Kjenneteikna til menyen på Slottet er rustikk og eleganse. Raust og smaksrikt, som alltid inneheld ein andel lokale råvarer.
Maten kjem frå lokale produsentar, og menyen er inspirert av tradisjonelle oppskrifter. Me byr på nye versjonar av klassiske rettar og råvarer. 

Me byr på dei finaste råvarene
Ein vil kunne oppleva spennande smakar og rettar frå andre delar av verden, nye kombinasjonar som overraskar. Me vil tilby nye versjonar av klassiske rettar og råvarer.
Salte, sylte, speke, confitere – klassiske metoder med ein moderne tvist.

Me byr på gode opplevingar 
Det skal være lett å dele. Gryter på bordet, og fat som kan sendast. Me ynskjer at gjestane skal delta i måltidet sjølv og være med å skape ei uforgløymelig måltidsoppleving.
Borna skal sjølvsagt også være fornøgde, både til lunsj og middag. Me er opptatt av å legge til rette for klassiske gode rettar servert på borna sine premisser.
Drikka til maten skal være god, og fornuftig prisa. For dei som vil, finns det alternativ i alle prisklassar. 
Et som ein konge med luesveis
Kom som du er, enten du har vore på tur eller pynta deg for eit særskilt høve.




 

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.