Aktuelt

9.oktober opnar Slottet dørene, og bookingen er opna!

21.09.2021

Dagen er endeleg komen. Me er klare for å by på det finaste frå fjellheimen.

Utsiktspunktet på høgda i Hoppmannsknuten har alltid blitt kalt Slottet. No kjem god mat og gode opplevingar i tillegg!

9.oktober opner me Slottet Sirdal - ein stad kor bygd og by kan møtast.

Slottet skal verte ein stad der både kortreiste og langreiste gjester kan nyte gode matopplevingar med sesongbaserte råvarer servert i majestetiske omgjevnader.
Me har satt opp eit spanande bygg, der nærleiken til naturen, historia og bygda er den verkelege berebjelken. Sagt på ein annan måte - Det finaste frå fjellheimen!

For booking - klikk her.

Me gler oss til å sjå deg til bords!

AKTUELT

Ein fantastisk vintersesong er over, no satsast det mot ein spennande vår og sommar

Ein fantastisk vintersesong er over, no satsast det mot ein spennande vår og sommar
Med godt over tretusen besøkande i påska blei det ein perfekt avslutning på vintersesongen for Slottet Sirdal.

Takk for det gamla året – vårt fyrste heile driftsår

Takk for det gamla året – vårt fyrste heile driftsår
Restauranten er fullbooka, og det kjem omlag 300 besøkande på årets siste dag. Avslutninga på året kunne ikkje enda på ein betre måte enn med fullt hus på Slottet. 2022 har vore det fyrste heile driftsåret, og gjester frå fjern og nær har kome for å bli tilbydt det finaste frå fjellheimen.

Kart Slottet Sirdal

Kart Slottet Sirdal
Slik finn du riktig vei til Slottet Sirdal.