Aktuelt

Ein fantastisk vintersesong er over, no satsast det mot ein spennande vår og sommar

24.04.2023

Med godt over tretusen besøkande i påska blei det ein perfekt avslutning på vintersesongen for Slottet Sirdal.

Sidan Slottsballet som markerte eitt års-jubileet i oktober, har samtlege laurdagar vore fullbooka, og sesongen oppsummerast som heilt fantastisk.
- Ein meir fantastisk vintersesong kunne me ikkje bedt om, seier dagleg leiar, Anders Berg Marcussen. Med fullt hus frå dørene opnast til dei lukker i heile vinter- og påskeferien, for ikkje å snakke om alle laurdager som har overgått einkvar forventning kan me trygt oppsummere det slik, seier han.

For eit år sidan, like før påsken 2022 starta kokkane Frode Helberg og Anders Berg Marcussen saman på Slottet. Frode som kjøkkensjef og Anders som dagleg leiar. Dei hadde begge ein klar filosofi kva dei skulle få ut av arbeidet sitt med drift og vidareutvikling av restauranten.

– Torfinn og Bente hadde en draum om å skape ein stad der bygd og by kunne møtast, der me skulle by på det finaste frå fjellheimen. Det i seg sjølv er ei oppgåve som inspirerar og gir mykje motivasjon kvar dag, seier Frode.

Frode er fagmannen på kjøkkenet. Det er han som utforskar og vel råvarene i tillegg til å sette opp menyar.
- Før eg kom til Sirdal var eg klar over fleire av dei gode lokale råvareprodusentane her, men at det skulle være så bra som det faktisk er, har overgått alle forventingane mine, fortel Frode. Han trekker særskilt fram Kvævenlam og meiner at det er kjøt i verdsklasse.

DL6A3557%20(2)

Påskemenyen var tidenes beste

Menyekonseptet på Slottet er sesongbaserte råvarer. Det jobbast kontinuerleg med å levere det beste frå fjellheimen. Difor er det stadig utskiftingar og nye rettar å finne på menyen. 
- Påskemenyen stikk seg fram som den klart beste gjennom heile vintersesongen og kanskje også gjennom heile året me har vore her. Tilbakemeldingane er at dette var «beste menyen ever». Påskefrukosten som me hadde skjærtorsdag, var også ein kjempesuksess. Til neste år blir det frukost fleire dagar, fortel Anders.
 

Gode samarbeidsløysingar på transport 

Fjorårets sommar og haustsesong var utfordrande når det gjaldt taxitilbodet for gjestane på Slottet. I løpet av vintersesongen har det blitt jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det har vore ein suksess. Gjester kan gjennom prøvekøyring av ein Polestar bestille køyring til Slottet og henting etter restaurantbesøket - med eigen sjåfør. 

Det er allereie sett opp ei vidareføring av ordninga for kommande haust- og juleferie, i tillegg til enkelte laurdagar. Ein planlegg også for eit utvida tilbod ut over dette. Også Polestar er fornøgde med ordninga. – Det har vært ein suksess frå dag ein. Det er ikkje berre folk i Sirdal og Rogaland som har fått med seg dette. Austlendingane har også høyrt om samarbeidet og tilbodet, seier Ørjan Silseth Eldor i Polestar Stavanger.
 

Satsar på næringsliv, selskap og større samankomster

Fokus første år for dagleg leiar, Anders Berg Marcussen, har vore å få på plass alt frå bemanning, rutiner og logistikk til HMS og system. I tillegg har han stått i spissen for å få på plass nytt vinkart med ny vinleverandør. Det nye vinkartet har eit breiare og meir spennande utval, og passar menykonseptet betre. No som dette er på plass, ser han på å utvide tilbodet for gjester. Bedriftsmarkedet og større selskap er nye satsingsområde.
- Me er rigga og klar for å ta imot større grupper og vil satse endå meir på bedriftsmarkedet lokalt, regionalt og nasjonalt. Alt ligg til rette for det no. Me åpner opp for fleire julebord, forretningslunsjar og jobbmiddagar. Me tilbyr også å opne restauranten opp for bedrifter, foreiningar og lag dagar me ellers har stengt. I den samanheng har me også jobba med ulike samarbeidsprosjekt for å dekke overnattingsbehov for dei som kjem frå byen, fortel Anders.

I haust blei prosjektet « Slottshyttene» påbegynt, det er enno heilt i startfasen, men me skal jobbe med det i tida som kjem.
 

Slottsbryllaup 

Restauranten har sidan fyrste opningsdag blitt spurt om bryllaup. Det er det blitt opna opp for fyrst no, og fyrste bryllaup er allereie booka. Det er lagt opp til maks fire bryllaup i året. Så for dei som drøymer om Slottsbryllaup til fjells kan det være smart å være tidleg ute.
- Me gler oss til å by på det finaste frå fjellheimen til brudeparet som kjem allereie i juni. Etter ein flott vintersesong er me no klare for en fin vår og sommarsesong, smiler Anders.

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.