Aktuelt

Rekordsommar for Slottet Sirdal

24.08.2023

Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.

Med godt over 140 daglege besøkande gjennom heile sommaren, oppsummerast den som stor suksess. Gjennom heile sesongen har alle laurdagar vore fullbooka. Frå i dag går Slottet over frå sommarmeny til ny og sesonginspirert haustmeny.

- Me var veldig nøgde med sommaren i fjor, og håpa på ein lik sommar i år, men me såg tidleg at årets sommar kom til å bli betre. Me har hatt god auke med besøkande i år samanlikna med i fjor. Fleire internasjonale gjestar, og folk frå stort sett heile landet har vært innom oss. Me har tydeleg merka oss at Slottet Sirdal har blitt ein attraksjon allereie etter 1,5 år. Det overgår ein kvar forventning, seier dagleg leiar, Anders Berg Marcussen.

Lokale sesongbaserte råvarer

Menykonseptet på Slottet er sesongbaserte råvarer. Det jobbast kontinuerleg med å levere det beste frå fjellheimen. Difor er det stadig utskiftingar og nye rettar å finne på menyen.

Frode er fagmannen på kjøkkenet. Det er han som utforskar og vel råvarene i tillegg til å sette opp menyar. Han har sett saman ein spennande haustmeny. Også julemenyen til julebord er klar.

- Før eg kom til Sirdal var eg klar over fleire av dei gode lokale råvareprodusentane her, men at det skulle være så bra som det faktisk er hadde eg ikkje trudd, fortel Frode. Torfinn og Bente hadde en draum om å skape ein stad der bygd og by kunne møtast, der me skulle by på det finaste frå fjellheimen. Det i seg sjølv er ei oppgåve som inspirerer og gir mykje motivasjon til å sette saman unike menyar, seier han.
 

Satsar på næringsliv, selskap og julebord

- Me tilbyr å opne restauranten opp for bedrifter, foreiningar og lag dagar me ellers har stengt. Me har også jobba fram eit fint samarbeidsprosjekt med Sirdalsbussen og Sirdal Høyfjellshotell for å dekke overnattings- og transportbehov for dei som kjem frå byen, fortel Anders.

Slottet Sirdal er rigga og klar for å ta imot større grupper og satsar meir på bedriftsmarkedet lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er opna opp for fleire julebord, forretningslunsjar og jobbmiddagar. Det vart også opna opp for bryllaup i år, og fyrste bryllaup vart arrangert i juni.

- Me gler oss til å by på det finaste frå fjellheimen inn mot ein ny sesong. Etter ein eventyrleg sommarsesong er me no klare for å by på ein magisk haust og vinter, smiler Anders.

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.