Aktuelt

Et som ein konge med luesveis

03.08.2021

Til hausten opner restauranten Slottet, og Torfinn Arne Nesset sin draum går endeleg i oppfylling.

”Dette har vore ein gamal draum, heilt sidan eg som ungdom sat her på Slottet, saman med far min og såg utøve. «Her skulle me ha bygd noko» sa han. No rakk ikkje han det dessverre, men då er det ekstra gledeleg for meg å rekke det, seier Torfinn Arne Nesset, som er grunneigar i området og utbyggjar for prosjektet.

No er dagen endeleg snart komen. Til hausten opner restauranten Slottet
– ein stad kor by og bygd kan møtast.

austrian-national-library-fsqrmpjybtw-unsplash

Utsiktspunktet på høgda i Hoppmannsknuten har alltid blitt kalt Slottet! No kjem snart god mat og gode opplevingar i tillegg! Sirdal har ei lang historie, den er det me byggjer vidare på. Me skal tilby gjestene det beste me har å by på, som Slottet, seier Nesset.

Slottet skal vere ein plass der både kortreiste og langreiste gjester kan nyte gode matopplevingar med sesongbaserte råvarer, servert i eventyrlige omgjevnader.
– Me skal setja opp eit spanande bygg, der nærleiken til naturen, historia og bygda er den verkelege bærebjelken. Sagt på ein annan måte: Det finaste frå fjellheimen.

Det er fleire restauranter i dalen, men ingen er som denne. Eit menykonsept på eit fantastisk utsiktspunkt, de me satser på kvalitet i alle ledd.

– Hjå oss skal du kunne nyte alt frå tradisjonell fjellmat, til fleire rettars menyar, drop-in måltid på gjennomreise, selskap for spesielle anledningar, utandørs servering i sola og lukka treff i eigen vinkjellar. Luesveis etter skituren er heilt innafor, ler Torfinn.

img 0599

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.