Aktuelt

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

27.10.2023

Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.
Gjestane kunne gjennom prøvekøyring av ein Polestar bestille køyring til Slottet og henting etter restaurantbesøket - med eigen sjåfør. 

No har me sett opp ei vidareføring av ordninga for kommande romjul. Også Polestar er nøgde med ordninga. – Dette var ein suksess frå dag ein då me gjennomførte dette i vinterferien i fjor og til påske. Saman med Slottet Sirdal delar me lidenskapen for eventyrlige opplevingar så det er ei stor gleda for oss å få vera med på dette. Me er også opptatt av miljøperspektivet, og med dette tilbodet reduserar me antall biler som er på vegen til og frå restauranten, seier Ørjan Silseth Eldor i Polestar Stavanger.

Anders Berg Marcussen, daglig leiar hjå Slottet Sirdal er også nøgd med at ordninga vert videreført. - Det eg synast er kjekkast med dette, er at ei gruppe kan booka eit bord, der alle kan nyte heile opplevinga saman, utan at ein i fylgjet må vera sjåfør. Me har gjort oss nokre erfaringar, då dette er fjerde gong me gjennomfører samarbeidsprosjektet med Polestar. Til no har me kun fått positive tilbakemeldingar frå gjestene, seier han.

Anders held fram at det kan vera lurt å tinga i god tid, då dette tidligare har blitt fullbooka nokså rask.
 
IMG_7708

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.