Aktuelt

Kjære gjester!

09.12.2021

Me held ope som vanleg, og ynskjer hjarteleg velkommen til ei trygg og god måltidsoppleving hjå oss på Slottet.

Me syter for at det er god plass mellom borda, me er nøye med desinfisering, held meteren og innfører munnbind for alle våre tilsette. Sikkerheita til våre gjester og tilsette har høgaste prioritet hjå oss, og me fylgjer sjølvsagt siste råd og anbefalingar frå myndigheitene.

img 5261

Større selskap er blitt avlyst, så det er svært gledeleg om andre ynskjer å komme på besøk i staden. For dei av dykk som tenkjer på å avbestille vil me oppmode om å heller utsetje, og i samråd med oss finne ein alternativ dato noko lengre fram i tid. Me vil for alt i verda halde drifta i gang på Slottet, og me treng at folk kjem!

Me tar vare på kvarandre, og ynskjer alle ei fin førjulstid!

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.