Aktuelt

Nytt kokketeam på Slottet

07.06.2022

Frode Helberg og Anders Berg Marcussen er det nye kokketeamet på Slottet Sirdal! No gler dei seg over å by både bygdefolk og hyttefolk heilt spesielle natur- og matopplevingar!

– Ingenting gler oss meir enn at me no er blitt ein del av denne unike restauranten på fjellet‚ ein restaurant heile Sirdal kan være skikkelig stolte av, seier vår nye daglige leiar Anders.
 
– Me skal gjere vårt ytterste for å videreføre den magiske atmosfæren og den einestående restaurantopplevinga, seier den nye kjøkkensjefen Frode.

dl6a3551
 
Anders er 39 år, og kjem fra Våland i Stavanger. 
 
– Eg brenn for godt handverk, sesongbaserte gode råvarer og bærekraft. «Stå-på-vilje» og kreativitet er ein viktig del av meg, fortel Anders.

img 0466
 
Frode er 38 år, og kjem fra Hundvåg i Stavanger. 
 
Frode brenn for ekte mat med god historie.
– Eg ynskjer å bli en del av bygda og lokalsamfunnet her, fortel Frode som har busett seg i Sirdal for å arbeide på Slottet.
 
Frode kjenner Sirdal godt frå før, då han var mykje av fritida si her som ung. Han ser fram til å kunne nyte natur og friluftslivet i Sirdal, og gler seg til å utforske meir av kva kommunen og bygda har å by på.

img 0679
 
Natur, lokale småskalaprodusenter, lokale råvarer fra Agder og Jæren, bøndene i Sirdal, fjellet, folka, og det å kunne skape matopplevingar for gjester inspirerer også det nye kokketeamet. 
 
Restaurantdraumen åpna 9. oktober

– Å byggje ein restaurant her er ein gamal draum eg har hatt heilt sidan eg som ung satt her sammen med far min, fortalde eigar, grunneigar og utbygger, sirdølen Torfinn Arne Nesset (70) då restauranten åpna 9. oktober i fjor.
 
- Her skulle me ha bygd noko, sa far min. No rakk han dessverre aldri det, difor er det ekstra godt for meg å rekke det, seier Torfinn Arne Nesset. Utsiktpunktet der dei to satt heiter Slottet, derav namnet på restauranten.
 
Torfinn, saman med kona Bente Fidje, ynskja at restauranten skulle bli eit turmål og ein eigen attraksjon der bygdefolk og byfolk kunne få ein felles samlingsstad. Dei ville at Slottet skulle bli ein plass der gjestane kunne få alt frå enkel turmat, vafler og kakao, til finare middager med eksklusive, kortreiste råvarer. Her satser ein på lokale råvarer som lam, ørret, ryper, sopp og bær – alt etter sesong.
 
– Me har sett opp eit spennande bygg, kvar naturen, historia og bygda er fundamentet. Det er fleire restauranter i dalen, men ingen som denne. God mat på eit fantastisk utsiktspunkt der me satser på kvalitet i alle ledd, fortalde restauranteigarane som ynskja at Slottet skulle få ord på seg for å levera det finesta frå fjellheimen. 

– Det er ynskjet og draumen til Torfinn som inspirerar oss. Det er dette som er vårt fokus og vår målsetning. Me skal gjere alt me kan for å etterleve Torfinn og Bente sin visjon om å «by på det finaste frå fjellheimen», fortel kokketeamet engasjert.

- Slottet som Torfinn og Bente har skapt inspirerer. Me har stor respekt for konseptet, og det er det som begeistrer oss. Deira engasjement er lett å bli motivert av. Frode trekker også frem at det å få arbeide med småskalaprodusenter som brenn for lokale kortreiste råvarer er noko av hans eigen kokkedraum.

- Me er stolte av, og audmjuke over, å ha fått æra av å videreføre konseptet, og me har allereie starta planlegginga av videreutvikling basert på Torfinn og Bente sitt unike konsept.
Visjonen Bente og Torfinn har for Slottet appellerar til dei to kokkene. Det er absolutt noko me kan stå for, og noko me ynskjer å bli assosiert med. Det inneheld fleire av våre eigne verdiar, seier Anders.
Eigarane Torfinn og Bente ynskjer det nye kokketeamet velkommen til Slottet og Sirdal.

- Frode og Anders har dei kvalitetane og eigenskapane me treng. At dei kjem som eit team, er så dedikerte og motiverte for denne oppgåva, gjer både meg og Bente trygge på at drifta av Slottet Sirdal er i dei beste hender.

- Gjennom generasjonar har me bygd opp ei lang og innhaldsrik historie her i Sirdal og det er den me byggjer vidare på. Me ska by gjestene på det beste me har, og me vil bidra til å skape eit levande Sirdal som eit livskraftig lokalsamfunn. Det er me stolte over, seier Torfinn Arne Nesset.
 

AKTUELT

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula

Gode samarbeidsløysingar på transport i romjula
Til fjorårets vintersesong blei det jobba fram eit samarbeidsprosjekt med Polestar. Det var ein suksess.

Hausttakkefest

Hausttakkefest
Me har gleden av å invitera til hausttakkefest på Slottet - ei feiring av innhausting av de lokale råvarene frå fjellheimen.

Rekordsommar for Slottet Sirdal

Rekordsommar for Slottet Sirdal
Etter ein sommarsesong som har gått over all forventning ser Slottet Sirdal fram mot ein spennande haust- og vintersesong.